Kraftsituasjonen veke 43, 2019
Produksjonsauke i Sverige og Danmark bidrog til norsk nettoimport
Sverige og Danmark hadde ein merkbar produksjonsauke grunna mykje vind. Det resulterte i at Sverige hadde dei lågaste prisane i Norden, og Noreg vart nettoimportør for fyste gong sidan slutten av juni. Mykje vind gav og høg produksjon i Tyskland, noko som resulterte i negative tyske prisar natt til søndag.