Kraftsituasjonen veke 45 2017
Prisane gjekk opp grunna høgare forbruk og meir eksport ut av Norden.
Kaldare vêr bidrog til høgare forbruk i dei fleste områda i Norden unnateke Nord-Norge og Finland. Samstundes var det lite vind i både Sverige og Danmark i starten av veka. I Tyskland fall vindkraftproduksjonen til under fem prosent av installert effekt, noko som bidrog til at den tyske kraftprisen auka til over 1 kr/kWh i ein enkelttime.
Meir etterspurnad etter nordisk kraft frå kontinentet medverka til at prisane i Norden auka frå veka før. Nettoeksporten ut av Norden gjekk opp med 145 GWh frå veke 44 til veke 45.