Kraftsituasjonen veke 47, 2019
Norske kraftprisar fortsett å falle.
Kraftprisane fall både i Noreg og resten av Norden i veka som gjekk. Nedgangen kan mellom anna forklarast med temperaturauke og lågare kraftetterspurnad, samt mykje vind og auka produksjon i Sverige. Noreg hadde netto import, medan Sverige sørga for at Norden samla sett eksporterte kraft i veke 47.