Publisert 27.02.2019

Kraftsituasjonen veke 8 2019

Temperaturar over normalen gav ytlegare prisnedgang på straum.

Kraftprisen gjekk ned med 1-2 øre i heile landet, om lag 5% nedgang frå førre veke.

I veke 8 hadde Noreg mildare vêr enn normalen over heile landet, og ytterlegare redusert straumforbruk jamført med veka før.

Kraftproduksjonen i Noreg var uendra frå veka før, og nettoimporten frå nabolanda avtok. Dette skuldast lågare vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige, og redusert handelskapasitet til både Nederland og Danmark.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 8 2019 her. (PDF)

Kontaktpersoner

Seniorrådgjevar Ingrid Ueland, 
Tlf: 22 95 94 57

Seksjonsleiar Vegard Willumsen,
Tlf: 22 95 91 85