Kraftsituasjonen veke 9, 2021
Skilnad i kraftpris mellom Sør- og Nord-Noreg
Lågare temperaturar over heile landet medverka til ein auke i kraftforbruket førre veke. I Vest- og Sør-Noreg auka også kraftproduksjonen, medan den gjekk ned i Midt- og Nord-Noreg.
Gjennom heile førre veke var det ein tydeleg prisskilnad mellom dei to nordlegaste prisområda i Noreg og dei tre prisområda i sør. Medan Nord- og Midt-Noreg hadde ein gjennomsnittleg kraftpris på om lag 26 øre/kWh, var prisen i Vest-, Sør- og Aust-Noreg på 42 øre/kWh. Utfordringar i det svenske nettet gav avgrensingar i overføringskapasiteten mellom Nord- og Sør-Sverige, og mellom Sør-Noreg og Sør-Sverige, noko som bidrog til prisskilnaden.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 9 2021 her.