Vassmagasinstatistikk veke 34 2021
Noko meir tapping av magasina enn veka før. Ved utgangen av veke 34 var fyllingsgrada i norske magasin 66,8 prosent.
Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,9 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 81,1 prosent.
Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 79,5 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 59,3 prosent.