132 kV kraftleidning Langeland-Otteråi
- Tiltakshaver
- FAGNE AS
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 201836801
- Status
- Søknad
- Dato
- 03.04.2020
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Tysnes, Austevoll
NVE har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing frå Haugaland Kraft Nett for ein ny om lag 22,5 km lang 132 kV kraftleidning mellom Langeland og Otteråi transformatorstasjonar.
Haugaland Kraft Nett søkjer om å bygge ein om lag 20 km lang 132 kV luftleidning og om lag 2,5 km lang 132 kV sjøkabel frå Langeland i Tysnes kommune til Otteråi i Austevoll kommune. Mellom Langeland og Liatjørn søkjer dei om fleire ulike traséalternativ, og dei vurderer alle alternativa som jamstilte. Frå Liatjørn og Otteråi søkjer dei om eitt alternativ. Leidninga skal erstatte eksisterande leidning som går frå Langeland til Otteråi.
Søknaden, kart og konsekvensutgreiingane er tilgjengelege i boksen til høgre.
På karttenesta NVE Atlas kan du sjå detaljert kart av traseane. Huk av på "Nettanlegg - ikke utbygd nettanlegg".
Her finn du Haugaland Kraft Nett sin nettside om saka: haugaland-nett.no - 132 kV Langeland-Otteråi.