Selselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5064
- Saksnummer
- 200801073
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 18.12.2009
- Tiltakshaver
- SELSELVA KRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Sunnfjord
- Vassdragsområde
- 083.22Z
- Søkt produksjon
- 18,40 GWh
NVE har gjeve Selselva Kraftverk AS løyve til å byggje Selselva kraftverk i Gaular kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 18 GWh, noko som svarer til den årlege straumbruken til rundt 900 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på omlag 576 meter i Selselva, og vil føre til at ei elvestrekning på ca 1,8 kilometer vil få redusert vassføring. Driftsvassvegen vil bli rundt 1760 meter lang og vatnet skal gå i tunnel frå inntaket og ned til omlag kote 400. Det er gjeve løyve til å forlenge eksisterande skogsbilveg med ca. 350 meter, opp til tunnelpåhogget .
Selselva har sitt opphav ved foten av Kvamshesten, eit kjent landemerke i Sunnfjord. Dei øvre delane av elvestrekninga som er planlagt utbygd er synleg frå dei nærliggjande områda rundt. Det er difor lagt vekt på at dei tekniske inngrepa skal verte minst mogleg skjemmande. Av omsyn til landskap, friluftsliv og biologisk mangfald har NVE fastsett ei minstevassføring frå inntaket på 100 l/s i perioden 1. mai til 30. september, og 30 l/s resten av året. NVE vurderer utbygginga med fastsett minstevassføring, og krav om delar av driftsvassveg i tunnel, til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.