Kvemma kraftverk
- Registreringsnummer
- 6106
- Saksnummer
- 200800413
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 27.03.2012
- Tiltakshaver
- Norsk Grønnkraft AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Lærdal
- Vassdragsområde
- 073.B5
- Søkt produksjon
- 12,30 GWh
NVE gjev Lærdal Aurland Grønnkraft AS løyve til å bygge Kvemma kraftverk i Lærdal kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 12,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 615 husstandar.
Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 540 m og redusere naturleg vassføring i Kvemma mellom kote 900 og kote 360. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket og ned til ca. kote 525. Vidare mot kraftstasjonen skal vassrøyret ligge nedgraven i grøft. I all hovudsak er det triviell vegetasjon langs Kvemma. Det er funne ein raudlisteart, sprikeskjegg (NT), 20 m frå elva. NVE har sett som krav at røyrgate og veg skal leggast utanom førekomsten. Ved kote 700 ligg det ein foss i fritt fall med ei vedutvikla fossesprøytsone. Det har ikkje vore mogleg å gjere registreringar i felt av fossesprøytsona. NVE har vurdert at lokaliteten har lite potensial for funn av raudlista artar. NVE meiner at tilstrekkeleg minstevassføring kan avbøte dei negative konsekvensane som ei utbygging vil ha på lokaliteten. Ei slik minstevassføring vil også gagne vasskrevande artar elles i elva. Kvemma er synleg frå ein tursti høgre i terrenget. NVE meiner Kvemma som landskapselement til ein viss grad kan takast i vare med tilstrekkeleg minstevassføring. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gir derfor løyve til bygging av Kvemma kraftverk på fastsette vilkår