Fessdalselva kraftverk

Registreringsnummer
6325
Saksnummer
201406732
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
20.12.2017
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Indre Fosen
Vassdragsområde
133.1Z
Søkt produksjon
9,14 GWh

NVE avslår søknad om løyve til å byggje Fessdalselva kraftverk

Clemens Kraft AS har søkt om løyve til å byggje Fessdalselva kraftverk i Rissa kommune i Sør-Trøndelag. NVE har kome fram til at dei negative verknadane ved prosjektet er så store at søknaden om å byggje kraftverket får avslag. NVE har gjort ei vurdering av fordelar og ulemper ved planlagde Fessdalselva kraftverk. Etter NVE sitt syn vil tiltaket, og då først og fremst røyrtraseen, føre til så store inngrep i terrenget at desse aleine er avgjerande for vår konklusjon. Vi har difor ikkje vurdert tiltaket sine verknader på naturmiljø eller andre allmenne interesser. Kraftverket ville gitt ein årleg produksjon på om lag 9,1 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 450 husstandar.