Leirbukta kraftverk

Registreringsnummer
6380
Saksnummer
201103266
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
20.12.2017
Tiltakshaver
TINFOS AS
Fylke
Troms
Kommune
Tromsø
Vassdragsområde
203.60
Søkt produksjon
10,00 GWh

Løyve til tre og avslag til tre vasskraftverk i Tromsø og Balsfjord kommune

Lavangselva, Vasselva og Reipkrokelva kraftverk har fått løyve medan Leirbukta, Smalak og Mellomdalelva kraftverk har fått avslag.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 25 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 1250 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 25 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.

I vedtaket om Leirbukta kraftverk har NVE lagt vekt på at ei utbygging av dei to elvene Leirbuktelva og Rastelva, ville gjeve negative landskapsmessige konsekvensar i eit verdifullt område for friluftsliv. I vedtaka om Mellomdalelva og Smalak kraftverk har høvet til reindrift vore avgjerande for at desse to kraftverka har fått avslag.

For Lavangselva, Vasselva og Reipkrokelva kraftverk har mellom anna reindrift, biologisk mangfald og samiske kulturminner vore sentrale tema. NVE meiner at for desse tre kraftverka er verknadane akseptable gitt avbøtande tiltak.

Det er gjeve konsesjon til dei tre kraftverka NVE meiner har minst innverknad på allmenne interesser.