Sandåa kraftverk
- Registreringsnummer
- 6504
- Saksnummer
- 201106797
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 03.07.2017
- Tiltakshaver
- STATSKOG SF
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Namsskogan
- Vassdragsområde
- 139.F1Z
- Søkt produksjon
- 5,10 GWh
NVE gir løyve til Grøndalselva og Nedre Skorovasselva kraftverk i kommunane Namsskogan og Grong. Grøndalstjønna, Sandåa og Øvre Skorovasselva kraftverk i Namsskogan kommune får avslag.
Dei to kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 38 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1900 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 21 GWh/år.
Reindrift, naturmangfald og landskap har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gitt konsesjon til kraftverka som gir minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.
NVE har sett vilkår til kvart prosjekt for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei tre kraftverka som har fått avslag.