Åkvisla kraftverk

Registreringsnummer
6683
Saksnummer
201202991
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
18.12.2013
Tiltakshaver
GUDBRANDSDAL ENERGI PRODUKSJON AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Øyer
Vassdragsområde
002.DE3A3
Søkt produksjon
11,10 GWh

NVE gir Gudbrandsdal Energi AS løyve til å bygge Åkvisla kraftverk. Prosjektet ligg i Øyer kommune i Oppland. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 11,1 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til om lag 555 husstandar

Åkvisla kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 122 meter mellom inntaket på 809 moh og ein kraftstasjon på 688 moh. Vatnet skal gå i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Åkvisla kraftverk har få og avgrensa miljøeffektar. Vurdering av tersklar vil vera tilstrekkeleg avbøtande tiltak. Det er og ein fordel at kraftverket vil gje ei betre utnytting av eit vassdrag som allereie er regulert. Åkvisla kraftverk vil berre gje mindre negative konsekvensar og fordelane er større enn ulempene for private og allmenne interesser.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Åkvisla kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av i Åkvisla kraftverk på nærare fastsette vilkår.