Gipa kraftverk

Registreringsnummer
6827
Saksnummer
201206555
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
30.11.2016
Tiltakshaver
NGK UTBYGGING AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Vang
Vassdragsområde
012.LE21
Søkt produksjon
5,70 GWh

NVE gjev løyve til Ala, Føssaberge og Rysna kraftverk. Gipa og Sundheimselvi kraftverk får avslag.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 40 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 2000 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 30 GWh/år.

Naturmangfald, landskap og fisk har vore sentrale tema i NVEs vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVEs vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei to kraftverka som har fått avslag.