Valdra kraftverk

Registreringsnummer
6927
Saksnummer
201207841,202117909
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.12.2017
Tiltakshaver
SMÅKRAFT GREEN BOND 2 AS
Fylke
Vestland
Kommune
Etne
Vassdragsområde
042.12Z
Søkt produksjon
8,60 GWh

NVE gjev løyve til å bygge Valdra kraftverk i Valdraelva i Etne kommune i Hordaland. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Valdra kraftverk vil vera eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

 

Kambo Energi AS har fått løyve til å bygge Valdra kraftverk i Valdraelva i Etne kommune. Kraftverket vil nytte eit fall på 275 meter og ha ein forventa årleg produksjon på om lag 8,6 GWh. Dette svarar til straumbruken til 430 husstandar.

Konfliktane er primert knytt til moglege konsekvensar for kulturlandskap, friluftsliv og naturmangfald. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved at dei to overføringane på nordsida av Valdraelva vert tekne ut av prosjektet, og det blir sett vilkår om tilstrekkeleg minstevassføring frå inntaka i hovudelva og i Grense Jakobs Elv.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Valdraelva kraftverk.