Skothomtjønn kraftverk

Registreringsnummer
7175
Saksnummer
201302674
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Ljosland Fallrettsameie
Fylke
Agder
Kommune
Åseral
Vassdragsområde
022.H11
Søkt produksjon
4,10 GWh

Skothomtjønn kraftverk - Ljosland fallrettsameie

NVE gjev løyve til Herresbekken, Hamkollåna og Skothomtjønn kraftverk, medan Bliksåna og Gjermundsbekken kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Åseral kommune i Vest-Agder.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 14 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 700 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 8,6 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Verknader på landskap og friluftsliv har vore dei viktigaste tema i NVE si vurdering. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for allmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve.