Fossing Storsmolt AS

Registreringsnummer
7485
Saksnummer
201501415
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Akvakultur
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
28.09.2017
Fylke
Telemark
Kommune
Kragerø
Vassdragsområde
017.2Z

NVE gjev Fossing Storsmolt AS løyve til regulering og uttak av vatn frå Lona-vassdraget i Bamble og Kragerø kommunar i Telemark.

Det planlagde settefiskanlegget vil produsere 5 millionar smolt årleg. Det er søkt om eit maksimalt vassuttak på 1 m3/s, eit gjennomsnittleg uttak over året på 0,7 m3/s, og regulering av 11 innsjøar i Lona-vassdraget.

NVE meiner at det omsøkte vassuttaket og regulering av 11 innsjøar vil føre til auka belastning på vassdraget, samanlikna med dagens situasjon. NVE meiner at ved å avgrense vassuttaket vil konfliktgraden bli redusert.Fossing Storsmolt AS får løyve til å ta ut inntil 0,4 m3/s i gjennomsnitt over året, og maks uttak på 0,7 m3/s. NVE gjev løyve til regulering av sju av dei elleve omsøkte innsjøane.

I vedtaket er biologi og friluftsliv vektlagt spesielt då Lona-vassdraget er verna mellom anna på bakgrunn av stort naturmangfald knytt til vassrelatert biologi og friluftsliv. Det er sett krav om minstevassføring mellom dei ulike magasina.

NVE vurderer i sum at nytten av eit redusert vassuttak er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til det planlagde settefiskanlegget på fastsette vilkår.