Neselva II kraftverk

Registreringsnummer
8238
Saksnummer
201842315
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
15.10.2024
Tiltakshaver
OK Energi SUS
Fylke
Vestland
Kommune
Gloppen
Vassdragsområde
087.B12B
Søkt produksjon
9,50 GWh

NVE gjev løyve til å byggje vasskraftverk i Gloppen 

 

OK Energi  har fått konsesjon til å byggje kraftverket Neselva II i Gloppen kommune i Vestland. Vasskraftverket vil produsere kraft tilsvarande straumbruken til om lag 475 husstandar. NVE har stilt vilkår til utbygginga for å redusere dei negative konsekvensane for viktige naturtypar, og av omsyn til landskap og samla belastning.  

Ein meir omfattande versjon av Neselva II kraftverk har tidlegare vore sakshandsama av NVE. Den gong fekk prosjektet avslag av omsyn til verdifulle naturtypar og landskap. Avslaget vart seinare stadfesta av Olje- og energidepartementet. Det er no søkt om eit redusert prosjekt der OK Energi (SUS) vil nytte eit fall på 95 meter i Neselva. Vasskraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 9,5 GWh. Inntaket er trekt lenger vekk frå eit landskapsvernområde, og naturverdiane i Neselva vert påverka i mindre grad enn i førre søknad. Dei fleste av høyringspartane er positive til prosjektet, men Statsforvaltaren ber om at minstevassføringa vert auka.  

– Utbygginga vil påverke to viktige naturtypar knytt til elva, og ein markant foss. Vi har derfor stilt krav om auka minstevassføring for å redusere dei negative konsekvensane, seier fungerande seksjonsleiar Brit T. Haugen. 

Desse vilkåra er sette for tiltaket  

NVE stiller krav om høgare minstevassføring i sommarhalvåret enn det som er søkt om i konsesjonssøknaden. Dette for å ivareta fuktigheit i dei verdifulle naturtypane bekkekløft og fossesprøytsone. Det er òg viktig for å oppretthalde ein markert foss på utbyggingsstrekninga som eit tydeleg landskapselement, i eit område kor mange fossar har vorte bygt ut. NVE stiller i tillegg krav om hekkekassar for fossekall.  

NVE meiner desse vilkåra vil redusere dei negative verknadene for naturmangfald til eit akseptabelt nivå, slik at fordelane ved prosjektet er større enn ulempene. Det er bakgrunnen for at NVE gjev OK Energi løyve til å byggje Neselva II kraftverk.  

For meir informasjon, sjå «Bakgrunn for vedtak» til høgre.