420 kV kraftledning Sauda-Blåfalli og ny Blåfalli transformatorstasjon
- Tiltakshaver
- STATNETT SF
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202314829
- Status
- Høring
- Dato
- 16.10.2024
- Fylke
- Rogaland, Vestland
- Kommune
- Sauda, Etne, Kvinnherad
Høringsfrist: 16.01.2025
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 202314829» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke tre meldingar frå Statnett SF for ny 420 kV kraftleidning frå Sauda i Rogaland via Blåfalli, Mauranger og Samnanger til Øygarden i Vestland fylke. Meldingane gjer ei overordna beskriving av Statnetts planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon. Tiltaket påverkar Sauda, Etne, Kvinnherad, Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver, Askøy og Øygarden kommunar.
Dei tre meldingane sendast med dette på ei felles høyring. Høyringsfristen er sett til 16. januar 2025.
NVE inviterer no til folkemøte i samband med høyringa. Alle møta byrjar kl. 19.00.
- 12. november: Rosendal Fjordhotel Rosendalsvegen 46, 5470 Rosendal
- 13. november: Ungdomshuset i Jondal, Brekke 3, 5627 Jondal
- 19.november: Torsvikhuset, Torsvikhøgda 2, 5337 Rong
- 20.november: Strilatun, Risåsen 1, 5912 Seim
- 21.november: Kultursalen Kipo, Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
- 26.november: Ungdomshuset på Hauge (Framhall) Haugo 53, 5283 Valestrandfossen *ENDRA
- 27.november: Dalesalen, Dale skule, Skulegata 30, 5722 Dale
- 28.november: Nordbygda grendahus, Bygdavegen 2, 5652 Årland
- 2.desember: Skakke, Kulturhuset, Strondavegen 30, 5590 Etne
- 3. desember: Sauda klubb, Wergelandsveien 48, 4200 Sauda
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke tre meldingar frå Statnett SF for ny 420 kV kraftleidning frå Sauda i Rogaland via Blåfalli, Mauranger og Samnanger til Øygarden i Vestland fylke. Meldingane gjer ei overordna beskriving av Statnetts planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon.
420 kV Sauda–Blåfalli
Tiltaket inneber ein ny om lag 37 km lang 420 kV kraftleidning frå Sauda til Blåfalli og ny transformatorstasjon i Blåfalli. Eksisterande 300 kV leidning på same strekning, som er gammal og har låg overføringskapasitet, vil bli rive når den nye leidningen blir sett i drift. Tiltaket påverkar Sauda kommune i Rogaland fylke og Etne og Kvinnherad kommunar i Vestland fylke.
420 kV Blåfalli–Mauranger–Samnanger
Tiltaket inneber ein ny om lag 90 km lang 420 kV kraftleidning frå Blåfalli via Mauranger til Kvamskogen sør for Samnanger og ny transformatorstasjon i Mauranger. I tillegg kan det bli behov for nye stasjonar ved Ænes eller Fureberg sørvest for Mauranger. Strekninga mellom Kvamskogen og Samnanger transformatorstasjon er allereie bygd for 420 kV. Eksisterande 300 kV leidning på strekninga Blåfalli–Mauranger–Kvamskogen, som er gammal og har låg overføringskapasitet, vil bli rive når den nye leidningen blir sett i drift. Det same gjeld Statnetts anlegg i dagens Mauranger transformatorstasjon. Tiltaket påverkar Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar i Vestland fylke.
420 kV Samnanger–Øygarden
Tiltaket inneber ein ny om lag 60 til 90 km lang 420 kV kraftleidning frå Samnanger til Øygarden. Statnetts Tiltaket påverkar Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver, Askøy og Øygarden kommunar i Vestland fylke.