Revisjon av vilkårene for regulering av Røssåga
- Registreringsnummer
- 4736
- Saksnummer
- 200700445
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Revisjon av konsesjonsvilkår
- Status
- Revidert konsesjon
- Vedtaksdato
- 17.06.2022
- Tiltakshaver
- STATKRAFT ENERGI AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Hemnes
- Vassdragsområde
- 155.Z
Dei tre kommunane Hemnes, Hattfjelldal og Grane, har gått saman om samla krav til miljøforbetrande tiltak i vatn og vassdrag som blir påverka av reguleringane i Røssågavassdraget. På grunnlag av desse krava, har NVE gjennomført ei revisjon av konsesjonsvilkåra for desse reguleringane.
NVE har sendt ei tilråding til Olje- og energidepartementet, der ein rår generelt til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringane. Dette gir moglegheit til å pålegge ulike miljøforbetrande tiltak, utanom vassføring og vasstand, i heile konsesjonstida.
Miljøforbetrande tiltak for fisk og fugleliv
Reglar for mellom anna vassføring og vasstand i magasin, blir fastsett i revisjonssaka. Statkraft Energi AS er konsesjonær og har allereie lenge praktisert ei minstevassføring i Nedre Røssåga på 30 m3/s. Dei har òg praktisert reglar for drifta av Nedre Røssåga kraftverk, som gjer at vasstanden i elva ikkje endrar seg for raskt, av omsyn til laks og sjøaure. NVE meiner at denne praksisen har vært god, og viktig for å avgrense negative miljøverknader av kraftverksdrifta. For å sikra at denne praksisen føljast vidare, rår NVE til at desse reglane blir tatt inn i manøvreringsreglementet. Det vert òg tilrådd at det sleppast samanhengande høg vassføring over tre døgn i mai/juni av omsyn til smoltutvandringa. For Stormyrbassenget rår vi til at vasstanden skal haldast stabilt høg i hekkeperioden til fugl, som hekker i strandsona.
Fond for fisk, vilt og friluftsliv
Reguleringane, med tilhøyrande kraftverk, er viktige for kraftsystemet i regionen, og anbefalinga om nye restriksjonar er vurdert i lys av det. For Røssvatnet sin del, vil restriksjonar for manøvreringa gå ut over reguleringsmoglegheitene, som er viktige for forsyningssikkerheit i regionen. Derfor tilrår NVE ikkje krav til sommarvasstand eller andre magasinrestriksjonar i Røssvatn.
For eit reguleringsmagasin som Røssvatn er det vanskeleg å finne gode tiltak for å betre miljøforholda. Derfor rår NVE til at Statkraft påleggast å betale 150 000 kr årleg til eit fond, som kan brukast til gode tiltak for fisk, vilt og friluftsliv i kommunane.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby,
tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203
Seksjonssjef Carsten Jensen,
tlf. 22 95 92 90 eller 908 50 206