Kinsedal kraftverk

Registreringsnummer
6756
Saksnummer
201205014
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
21.12.2016
Tiltakshaver
BLÅFALL AS
Fylke
Vestland
Kommune
Luster
Vassdragsområde
075.1Z
Søkt produksjon
15,45 GWh

NVE gjev ikkje Norsk Vannkraft AS løyve til å bygge Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane, grunna store negative konsekvensar for biologisk mangfald.

Kinsedal kraftverk var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 15,45 GWh og Kveken kraftverk med årleg produksjon på 16,5 GWh.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverka vil røre ved meir enn 4 km av en samanhengande bekkekløft vurdert som svært viktig, fosse-eng vurdert som viktig og fleire rødlisteartar. NVE kan ikkje sjå at det finnes realistiske avbøtande tiltak som reduserer ulempene for desse naturtypane og vasstilknytta rødlisteartar i tilstrekkeleg grad. NVE registrerer at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fremma motsegn til prosjekta grunna konflikt med nasjonale naturverdiar.

NVE meiner dei negative verknadene er større enn nytten av tiltaka for allmenne og private interesser, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk.