Kraftverk i Hunnselva - innføring av nye konsesjonsvilkår
- Registreringsnummer
- 7623
- Saksnummer
- 201205829
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Endring i vilkår
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 12.03.2018
- Tiltakshaver
- VOKKS KRAFT AS
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Gjøvik
- Vassdragsområde
- 002.DC
Olje- og energidepartementet pålegg Vokks Kraft AS å sleppe minstevassføring frå inntaka til Breiskallen kraftverk og Åmot kraftverk i kommunane Gjøvik og Vestre Toten.
I vilkåra i konsesjonane som blei gjeve på 80-talet til Breiskallen, Åmot og Brufoss kraftverk var det opna for at minstevassføring kunne bli pålagt når forholda i Hunnselva var blitt betre.
OED meiner at minstevassføringa må vere på 300 liter i sekundet i sommarhalvåret og 180 liter i sekundet i vinterhalvåret for begge kraftverka. Grunngjevinga for pålegget er omsynet til fisk, landskap/friluftsliv og vasskvalitet.
OED vil ikkje rå til at det blir gitt pålegg om minstevassføring i Brufoss kraftverk. Her vil nytta ikkje stå i forhold til kostnadar og krafttap, då elva går i kulvert under riksveg 4 på denne strekninga.
NVE kan seinare gje pålegg om biotoptiltak i elva dersom dette vil betre tilhøva for fisk ytterlegare.