Tindåga kraftverk

Registreringsnummer
7042
Saksnummer
201300031
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
30.03.2016
Tiltakshaver
Sjøfossen Energi AS
Fylke
Nordland
Kommune
Gildeskål
Vassdragsområde
161.22
Søkt produksjon
10,90 GWh

Løyve til tre og avslag til to små kraftverk i Gildeskål og Rødøy kommunar i Nordland

NVE har handsama fem kraftverksøknadar i Gildeskål og Rødøy kommunar i Nordland. NVE gjev løyve til Breivikelva, Sørdalselva og Melfjordbotn kraftverk, medan Tindåga og Buvikelva kraftverk får avslag. Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 27 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1350 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 13 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap, biologisk mangfald og reindrift har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med desse ålmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.