Publisert 29.08.2023 , sist oppdatert 06.12.2023

Status - kva skjer no?

I januar 2023 fekk NVE ressursene på plass for å starte opp prosjektet der vi ser på alternative løysingar for å flaumsikre Lærdalsøyri.  Vi er no inne i ei fase der vi gjer dei nødvendige forundersøkingane og kartleggingane.

 

Status i prosjektet:

  • 2012: NVE mottok ein formell søknad frå Lærdal kommune om bistand til planlegging og utføring av sikring av Lærdalselva v/Lærdalsøyri.
  • Oktober 2022 - februar 2023: NVE etablerte hydraulisk modell for Lærdalselva frå Voll bru til utløpet i fjorden.
  • Januar 2023: - NVE fekk satt av interne personressurser til å prioritere prosjektet.
  • Februar 2023:  Kontrakt med Dr. Blasy - Dr. Øverland for etablering av grunnvassmodell - kontraktsperiode februar 2023-desember 2023. 
  • Februar 2023 - Kontrakt med Dr.BlasyDr.Øverland – uavhengig kontroll av NVE sin hydrauliske modell. Kontraktsperiode februar- juni 2023. 
  • April 2023 - Kontrakt med Lingen grunnboring – kontraktsperiode april – juni 2023.  Grunnundersøking, boring til grunnvassbrønnar, georadarundersøking.  Målet er å kartlegge stabilitet og permbabilitet: Grunnundersøkelser Lærdal og Geoteknisk datarapport.(Fullført)
  • Mai 2023 - NVE etablerar 11 nye grunnvasstasjonar og 3 nye målestasjonar i Lærdalselva. Målet er å kartlegge grunnvatnet og samspelet mellom grunnvatnet og vasstanden i elva. Data ligg tilgjengeleg på sildre.nve.no eller seriekart.nve.no. (Fullført)
  • Juni 2023 - Kontrakt med Norconsult AS for miljøkartlegging av Lærdalselva. Kontraktsperiode juni- november 2023. Oppdraget omfattar mellom anna synfaringssarbeid samt intervju med fagpersonar/personar med lang erfaring med arbeid i og langs Lærdalselva. (Fullført) 
  • Oppdatert flaumsonekart for Lærdal. NVE har i perioden 2022-2023 arbeida med ein oppdatert hydraulisk modell. Denne vert lagt til grunn for oppdatert flaumsonekart, som blir fullført ila februar 2024.(Pågår)
  •  Gjennomføring moglegheitsstudie november 2023 - Juni 2024. NVE har signert kontrakt med Multiconsult som skal gjennomføre studien på oppdrag frå NVE. Hovedformålet er å sikre eksisterande bustader og infrastruktur langs Lærdalselva v/Lærdalsøyri mot flaum i samsvar med krav i TEK 17. Alle moglege tiltak for å forebygge flaum- og erosjonsskader langs Lærdalsøyri skal skildrast og vurderes på ein slik måte at dei tek omsyn til overordna målsetting om å redusere omfanget av flaumskader på bygningsmasser og infrastruktur.   (Pågår)

Generelt om flaumsikring
Det er viktig å skaffe seg god oversikt over situasjonen før ein byrjar å planlegge eit sikringstiltak. Kunnskap om elva sine fysiske forhold, hydromorfologiske prosessar, miljøverdiar og kva interessentar som vert påvirka, dannar eit viktig grunnlag for å finne føremåltjenelege løysingar. Dette vert lagt til grunn for å vurdere korleis eit eventuelt tiltak kjem til å endre situasjonen ved flaum. Eit sikringstiltak skal vere tilpassa miljø og ivareta allmenne interesser. 

Ein kan lese meir om planlegginssprosessen i sikringshandboka: Fase 1: Planlegging av tiltak mot flom og erosjon.. 

Ein finn mykje nyttig informasjon i Vassdragshandboka eller på NVE sine nettsider.