Publisert 08.01.2024

Roller og ansvar i prosjektet

Roller og ansvar
Over statsbudsjettet kap. 1820, post 22 er NVE bevilga midlar til å ta på seg oppgåve med å gjennomføre sikringstiltak til førebygging av flaum- og skredskader. Dei økonomiske rammene for ordninga vert lagt i dei årlege budsjettildelingane frå Stortinget. I tråd med budsjettføringar og interne retningslinjer, foretar NVE ei prioritering av dei sikringstiltaka som samla gir størst nytte sett opp mot kostnadane.

Bistanden fra NVE til bygging av sikringstiltak består av to hovedelement:
- Eit økonomisk bidrag.
- Fagleg bistand til for eksempel prosjektering, byggeleiing, anbod, kontraktsgjennomføring og funksjonen ansvarleg søkar etter plan- og bygningsloven.

For prosjekt sikring av Lærdalselva v/Lærdalsøyri har NVE prioritert midlar for budsjettåret 2024 for planlegging og ev. prosjektering av sikringstiltak i Lærdal.
NVE har satt av interne ressursar som vil følgje opp mulighetsstudien, og oppdraget for gjennomføring av studien er tildelt Multiconsult AS.

Monika Lysne i Lærdal kommune er kontaktperson i kommunen for sikringsprosjektet.
Førespurnadar som ligg til kommunen sitt ansvarsområde vert besvart av Lærdal kommune.  

Rollefordelinga mellom NVE og Lærdal kommune i prosjektet er visualisert øvst på denne sida.