Publisert 29.08.2023 , sist oppdatert 13.11.2023

Hydrologi

Lærdalsvassdraget kjem frå dei vestlege delane av Filefjell og Hemsedalsfjella. Ved utløpet i Sognefjorden er nedbørfeltet 1183 km2.  Omlag 70 % av arealet ligg mellom 1100 og 1600 moh.  Det er vårflaumar som historisk dominerar i Lærdalsvassdraget, kor ein har hydrologiske observasjonar sidan 1916. Vassdraget vart regulert på 1970-talet, og det er venta at midlare flaum vart redusert med drygt 35 %, medan ein 100- årsflaum vart redusert med mindre enn 10 %. Store delar av vassdraget er framleis uregulert. Smeddøla som kjem fra Filefjell er verna.
I klimaframskrivingane er det betydlege endringar også for Lærdal fram mot år 2100.
For Lærdalvassdraget er det tilrådd eit klimapåslag på 20%.  

Hydrologiske data

For hydrologiske data: sildre.nve.no eller seriekart.nve.no.

Her kan ein sjå vasstandar og vassføring for målestasjonar i området. Ein kan òg laste ned tidsseriar i for eksempel excel-format m.fl.

Sildre viser per dd. ikkje grunnvatn i NN2000. For å få grunnvasstanden i NN2000 bruk tabellen under. Formel: NN2000-høgde minus vasstand i "lokal-høgde"* = vasstand i NN2000.
* Lokal-høgde er vasstanden målt frå toppen av røret og ned til grunnvatnet. NN2000 er målt med GPS på toppen av røret.

Målt av:

 

NVE

Høgdegrunnlag:

 

NN2000

Grunnvann

 

GV-01

73.119

2,676

GV-02

73.120

5,002

GV-03

73.121

3,663

GV-04

73.122

5,057

GV-05

73.123

4,335

GV-06

73.124

5,375

GV-07

73.125

9,172

GV-08

73.126

7,439

GV-09

73.127

9,467

GV-10

73.128

11,894

GV-11

73.129

15,899

Vannstand

 

 

Lærdalselvi v/Hellerbrui

73.116

0,365

Lærdalselvi v/Sjukehusveg

73.117

9,565

Lærdalselvi v/Hauge

73.118

14,959

Kva betyr eit klima i ending?

Frå klimaprofilen til Sogn og Fjordane fram mot 2100:

  • Det er venta vestentleg auka episodar med kraftig nedbør både i intensitet og førekomst.
  • Det er venta fleire og større regnflaumar, ogi mindre bekkar og elver må ein vente ei auke i flaumvassføringa.
  • Auka fare for jord-, flaum- og sørpeskred.
  • Som følgje av havstigning er det venta auka stormflonivå.
  • For Lærdalvassdraget er det tilrådd eit klimapåslag på 20% fram mot 2100.  

Klimaprofil Sogn og Fjordane: Klimaprofil Sogn og Fjordane - Norsk klima service senter

For ein meir lettfattleg framstilling av korleis klimaet blir i kommunen din sjå: Sjekk klimaendringene i din kommune – NRK