Publisert 29.01.2016

Løyve til Reinskardelva kraftverk

NVE gjev Bekk og Strøm AS løyve til å bygge Reinskardelva kraftverk i Karlsøy kommune i Troms. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 5 GWh. Dette svarar til forbruket til om lag 250 husstandar.

Utbygging av Reinskardelva kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi. Kraftverket vil samtidig kunne gje inntekter til søkar, grunneigarar og kommune, og bidra til lokal verdiskaping.

Tiltaket er planlagt i Reinskardelva, med planlagd inntak ved kote 124 og kraftstasjon ved kote 22, og under føresetnad om tilstrekkeleg minstevassføring. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen vert lagt i eit 1750 meter langt nedgrave rør. Det vert ikkje anlagt permanent veg langs elva.

NVE har merka seg at tiltaket vil medføre nokre negative verknader for reindrift og friluftsliv, hovudsakleg i anleggsperioden. Utbygginga vil innebere forstyrring av rein i området, og i anleggsperioden vil det vere viktig med tiltak for å redusere konsekvensane for reindrifta. I driftsperioden vil det etter NVE sin vurdering bli små konsekvensar for reindrift.

Redusert vassføring vil føre til at elva vert mindre markert i landskapet når det er låg vassføring, og landskapsinntrykket og friluftslivsopplevinga vil til ein viss grad bli endra nedst i Reinskarddalen. I periodar med høg vassføring vil det vere vanskeleg å sjå at elva er påverka av kraftproduksjon. Etter NVE sin vurdering vil mesteparten av Reinskarddalen opplevast som urørd også etter utbygging.

NVE har lagt vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogeleg. NVE har fastsett ei minstevassføring på 100 liter i sekundet i sommarsesongen og 30 liter i sekundet resten av året for å redusere negative verknadar for naturmiljøet, og for å ta vare på opplevinga av landskapet.

NVE vurderer at nytta av tiltaket i form av ny fornybar energiproduksjon er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Reinskardelva kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Reinskardelva kraftverk.

 

                       

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Sakshandsamar Erlend Bjerkestrand, tlf. 22 95 92 98