Publisert 24.09.2018 , sist oppdatert 25.09.2018

Betre oversikt over skredfare i Ullensvang Herad

Ullensvang kommune i Hordaland får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at 50 bygg ligg innanfor 100-års faresona, og over 400 bygg ligg innanfor 1000-årssona.

Foto: NGI

Karta blir overlevert til Ullensvang herad 24. september 2018. Områdane som er kartlagt er Kaland, Djønno, Tjoflot, Ringøy - Bjotveit, Utne, Helland - Midnes, Espe - Børve, Aga, og Velure - Haustveit.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunane eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier regionsjef  Brigt Samdal.

Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Alle skredtypane er utfordringar i Ullensvang kommune.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ein faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

 

Rapport skredfarekartlegging: http://publikasjoner.nve.no/eksternrapport/2018/eksternrapport2018_04.pdf 

Sjå digitale faresoner: https://gis3.nve.no/link/?p=75d8253a-9834-59f6-f8c7-9c6563813d55

 

Kontaktpersonar

Brigt Samdal, Regionsjef, mobil: 907 48 238

Toralf Otnes, Senioringeniør, telefon, 22959527

Yngve Midtun, Geolog, telefon: 2295 9532