Betre oversikt over skredfaren i Førde kommune
Førde kommune har no fått betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at totalt 7 bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 76 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred.
Karta blir overlevert til Førde kommune den 5. juni 2019.
Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagte områda er Hornes-Prestholten, Hafstad, Vieåsen, Bruland, Ulltang, Slåtten-Angedalen, Indrebø, Holsen og Hårklau.
– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier regionsjef Brigt Samdal.
Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.
Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.