Betre oversikt over skredfaren i Vang kommune
Vang kommune har no fått betre og meir presise kart, som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at totalt 20 bustadar ligg innanfor faresona på 1/1000-årsskred. Ingen bustadar ligg innanfor faresona på 100-årsskred.
Karta blir overlevert til Vang kommune den 28. mai 2019.
Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagte områda er Nyheim-Strondafjorden, Øye, Leine-Sparstad og Finnset-Hensgardane.
– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier regionsjef Toril Hofshagen.
Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.
Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.
Last ned rapporten (pdf)