NVEs tilsyn i 2018: 3500 ulike kontrollar
Det er stor breidde i NVEs tilsynsverksemd, som omfattar vassdragsanlegg, energiforsyning og energibruk. I 2018 kravde den store byggeverksemda innan vindkraft og kraftliner svært tett oppfølging. For første gong måtte NVE trekke tilbake konsesjonen til eit vassdragsanlegg på grunn av manglande godkjend detaljplan, og drift i periodar det skulle vere driftstans.
- NVE har eit omfattande kontrollansvar innanfor vassdrags- og energiforvaltninga. Overordna mål med tilsynet er å sikre at aktørane etterlever krav i konsesjon, regelverk og vedtak, seier fungerande direktør for tilsyn og beredskap Eldri Naadland Holo.
Vassdragsanlegg
Det er fleire tusen dammar og andre anlegg i norske vassdrag. Desse anlegga har så stor samfunnsinteresse og så stort skadepotensial at tilsynet med desse må vere tett.
Kvar veke får NVE inn rundt 500 rapportar om vasstanden i reguleringsmagasin rundt om i landet. I tillegg får vi årleg rapport frå 430 verksemder om status for anlegg og andre vesentlege data om dammar. Det er klare retningsliner for kva avvik på vassdragsanlegg som skal meldast inn til NVE. Vårt inntrykk er at denne innrapporteringa gjev eit høveleg godt bilde av tilstanden.
I 2018 gjennomførte NVE 21 revisjonar, 20 skriftlege kontrollar og 454 inspeksjonar av vassdragsanlegg. Kontrollane viste at nokre verksemder har svært gode internkontrollsystem, og at andre verksemder har gjentekne brot for same forhold.
I tillegg arrangerte NVE vinteren 2018 ei beredskapsøving med fokus på sikkerheit ved dammar i flaumsituasjonar. I denne deltok ei rekke aktørar frå bransjen.
Energiforsyning
NVE har eit breitt tilsynsansvar innanfor energiforsyninga. Dette dekker bygging og drift av energianlegg, beredskap i kraftforsyninga, oppfølging av energimarknaden og marknadsaktørane, teknisk og økonomisk regulering av nettselskapa og forbrukarrettar, som til dømes anleggsbidrag.
Totalt på alle desse områda gjennomførte vi 65 revisjonar, om lag 600 skriftlege kontrollar, 52 inspeksjonar og mottok innrapporteringar frå om lag 600 verksemder. I tillegg gjennomførte vi spørjeundersøkingar til rundt 220 verksemder. I 2018 kontrollerte vi også om lag 350 verksemder ved å samanstille informasjon om dei.
Byggeverksemda er stor, både når det gjeld vindkraftanlegg og kraftliner. Mange vindkraftkonsesjonar er i desse dagar i ferd med å verte realisert, samtidig som det dei seinare åra er gjeve konsesjon til ei rekke sentral- og regionalnettlinjer i heile landet for å styrke forsyningstryggleiken.
Den intensive byggeverksemda krev auka ressursbruk og merksemd frå NVEs miljøtilsyn. Vi godkjenner planar og planendringar, og er på fleire kontrollar på kvart anlegg. Nye kontrollmetodar med auka bruk av bilete som dokumentasjon er under utvikling. Kontrollane i 2017 og 2018 har vist at kontroll og oppfølging av store vindkraftanlegg krev betydelege ressursar for å sikre at anlegga blir bygd i tråd med konsesjonen og godkjende planar.
For energianlegg i drift, utfører NVE tilsyn med modernisering og vedlikehald, tryggleik og beredskap. I 2018 har kontrollane spesielt vore retta mot ROS-analysar, beredskapsplanar, materiell og utstyr og sikringsplikt. Fleire av kontrollane vart gjennomførte saman med andre direktorat. Det er gjennomført 44 revisjonar og ei spørjeundersøking om kompetanse i alle KBO-einingane.
Kontrollane viste mange avvik knytt til mangelfulle ROS-analysar/beredskapsplanar, mangelfulle reservelager og manglar ved sikring av klassifiserte anlegg.
- NVE finn sjeldan same avvik ved seinare kontroll av eit anlegg i drift. Det tyder på at kontrollen har tiltenkt effekt. Kontrollane vert difor haldne på same høge nivå i 2019, seier Holo.
Energimerking og energibruk
I alt har NVE gjort skriftleg kontroll av 10 verksemder, inspisert 7 verksemder og kontrollert nesten 70 verksemder ved å samanstille informasjon om dei. Kontrollane syner at energimerking av produkt fortsatt manglar eller er mangelfull. Kontroll av bygningar syner at mange næringsbygg over 1000 m2 ikkje har energiattest, og at mange ikkje har energiattest på plass før sal eller utleige. Kontrollane av energimerking av produkt har dokumentert avvik ved nesten 50 % av produkta, og at alle sju luft/luft varmepumper som vart kontrollert hadde manglar i samsvarsfråsegna.
NVE har etablert eit senter i Trondheim for tilsyn på dette området. Vår erfaring er at dette var ei god avgjerd.
Funn og reaksjonar
Kontrollar avdekker avvik. NVE nyttar ulike former for reaksjonar når avvik er påvist. I 2018 var det varsla 509 reaksjonar og gjort 453 vedtak om bruk av reaksjonar. Dette er i volum som i 2017.
Retting og tvangsmulkt er dei mest brukte reaksjonane. Vedtak om lovbrotsgebyr vart brukt på områda vasskraft og energiforsyning. Eit vassdragsanlegg vart meldt til politiet. Talet på slike alvorlege reaksjonar er lågt, men ligg på same nivå som tidlegare år. I 2018 trekte NVE for første gong tilbake konsesjonen til eit vassdragsanlegg. Konsesjonen vart trekt tilbake fordi konsesjonæren over fleire år drifta verksemda utan godkjend plan. Samstundes var det drift i anleggjet trass i at det var gjort eit vedtak om driftstans.
Det er ikkje uvanleg at eit vedtak om ei reaksjon vert klaga på. Gjennom ei klagehandsaming vert NVEs vedtak prøvd av Olje- og energidepartementet. Alle vedtaka til NVE om reaksjonar vart oppretthaldne av OED etter klagehandsaming i 2018.
- Kontrollane i 2018 syner at det er naudsynt å følge tett med verksemdene i energisektoren. Vi ser at kontrollane våre har verknad på dei ulike tilsynsområda. NVE vil difor halde fram med mange kontrollar og eit breitt spekter av kontrollmetodar i 2019, og reagere strengt på alvorlege brot, seier fungerande direktør Holo.
Følg med på nyheiter om tilsyn frå NVE