Kraftsituasjonen veke 12 2019
Ytlegare prisnedgang.
Kraftprisane i Noreg gjekk ned 5 - 6 prosent i førre veka til om lag 39 - 40 øre/kWh. I veke 12 var nettoimporten til Noreg 332 GWh, det er den sjuande veka på rad med nettoimport.
Så langt i år har importen av straum til Noreg vore på 1,8 TWh, til samanlikning var det på same tid i fjor ein netto eksport frå Noreg på 2,6 TWh.
Framtidsprisane gjekk ytlegare ned i førre veka. Prisen på kontrakten for nordisk kraft for andre kvartal fall med om lag 8 prosent til 34 øre/kWh.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 2019 her. (PDF)