Kraftsituasjonen veke 15 2019
Auka kraftprisar i Noreg og resten av Europa.
I veke 15 auka kraftprisane i heile Europa. I Noreg låg kraftprisen på 42-43 øre/kWh over heile landet, om lag 10 prosent opp frå veka før. Auka CO2-kvoteprisar, låg vindkraftproduksjon og høgare forbruk i Norden medverka til prisoppgangen.