Kraftsituasjonen veke 17 2017
Auka nettoeksport ut av Noreg.
Mindre vind og planlagt vedlikehald av ein kjernekraftreaktor i Finland bidrog til ein oppgang i kraftprisane i alle dei nordiske elspotområda i førre veke. Dette medverka til auka norsk vasskraftproduksjon.
Nettoeksporten ut av Noreg vart om lag 200 GWh høgare enn veka før.
I Tyskland var det negative kraftprisar i nokre timar mot slutten av veka, mellom anna grunna høg vindkraftproduksjon og lågt forbruk.