Publisert 15.05.2024

Kraftsituasjonen veke 19, 2024

Høgare prisar i sørlege Noreg, og lågare i nord

Kraftprisane auka i sørlege Norden og nord på kontinentet førre veke. I Sørvest-Noreg (NO2) var vekeprisen 60 øre/kWh, opp 15 øre frå veka før. Auka i pris heng mellom anna saman med lågare vindkraftproduksjon sør i Norden, nord på kontinentet og i Storbritannia. Mindre fornybar kraftproduksjon og høgare kraftprisar i nabolanda bidrog til at nettoeksporten frå sørlege Noreg var over 550 GWh, og nesten dobbelt så høgt som veka før. Det var likevel enkelte timar med full import frå kontinentet og negative prisar i sørlege Noreg, då det var høg solkraftproduksjon og særs låge kraftprisar på kontinentet.

Vekesprisen i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) var 53 øre/kWh, 7 øre/kWh lågare enn i Sørvest-Noreg. Snøsmelting og høgare uregulerbar vasskraftproduksjon bidrog til meir eksport frå desse områda, og fleire timar med flaskehals mot Sørvest-Noreg. Søraust- og Vest-Noreg var difor ikkje med opp på dei høgaste prisane som Sørvest-Noreg fekk i starten av veka.

Kraftprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enda på 32 øre/kWh,  noko lågare enn veka før. Dei nordlege prisområda i Norden (NO3, NO4, SE1, S2 og Finland) hadde høgare vindkraftproduksjon enn veka før. Saman med snøsmelting i Midt-Noreg (NO3) og Midt-Sverige (SE2) ga dette meir uregulerbar kraftproduksjon. I tillegg kom to kjernekraftreaktorar, ein i Sverige og ein i Finland, tilbake frå vedlikehaldsarbeid. Dette samanfall i tid med høg produksjon frå vindkrafta og bidrog til mange timar med prisar nær null i både Sverige og Finland siste halvdel av veka. Då  hadde Midt- og Nord-Noreg tilnærma full import frå Sverige og enkelte timar med pris under 10 øre/kWh. På det lågaste var timeprisen 2 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no