Kraftsituasjonen veke 2, 2024
Lågare kraftprisar nord i Norden, og høgare i sør
Vindkraftproduksjonen var lågare i sørlege deler av Norden og på kontinentet førre veke, samanlikna med veka før. Dette bidrog til at den fossile kraftproduksjonen auka i både Danmark og Tyskland, og til høgare kraftprisar nord på kontinentet. Auka i pris gav høgare vasskraftproduksjon og nettoeksport over veka frå sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5). Vekeprisen i sørlege Noreg var på om lag 107 øre/kWh og på nivå med kraftprisane på kontinentet store deler av veka.
I dei nordlege prisområda i Norden auka vindkraftproduksjonen samanlikna med veka før. I tillegg var det betrakteleg mildare vêr og lågare forbruk. Til saman bidrog dette til lågare prisar i dei fleste prisområda nord i Norden. Vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var høvesvis 62 og 51 øre/kWh.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 2 2024.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.