Kraftsituasjonen veke 20 2019
Redusert kraftetterspurnad og nettoeksport.
Mildare vêr medverka til redusert kraftetterspurnad og lågare kraftpris for alle prisområder i Noreg. Kraftprisen låg på 38-40 øre/kWh, om lag seks prosent ned samanlikna med førre veke.
Noreg hadde redusert utveksling av straum med Danmark og Sverige. Dette resulterte i at Noreg vart nettoeksportør for første gang på 14 veker.
Det er framleis redusert kapasitet på mange nettforbindelsar i Noreg og mot våre naboland grunna planlagde revisjonar av kraftnettet.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 2019 her. (PDF)