Kraftsituasjonen veke 21 2018
Framleis varmt vêr.
Det var framleis høge temperaturar og varmare enn normalt i Noreg i førre veke.
Produksjon frå vindkraft og kjernekraft i Norden haldt seg stabilt, medan produksjonen frå norsk og svensk vasskraft gjekk noko ned samanlikna med veka før. Nedgangen i vasskraftproduksjonen heng saman med at det har vert mindre snøsmelting og tørt vêr. Samstundes forventar markanden høgare kraftpriser i tredje og fjerde kvartal.
Prisane for framtidige leveransar av straum i Norden ligg no svært nær tyske prisar.