Kraftsituasjonen veke 22, 2020
Mykje tilsig til magasina og historisk låge kraftprisar i Noreg
Kraftprisane i heile Norge fall til historisk låge nivå førre veke. De viktigaste drivarane for dei låge prisane er at snøsmeltinga er i gang og at magasina byrjar å fyllast opp.
Det var ein tydeleg prisskilnad mellom nordlege og sørlege delar av Noreg førre veke. Gjennomsnittleg vekespris var på 5,20 øre/kWh for Midt- og Nord-Noreg, medan Sør- og Vest-Noreg hadde ein pris på 2,59 øre/kWh. I Vest- og Sør-Noreg var prisen for denne veka den lågaste sidan år 2000.