Kraftsituasjonen veke 25 2018
Noreg importerte kraft.
I førre veke snudde den samla kraftflyten til Noreg frå eksport til import. Årsaka var mellom anna ein stor auke i vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark. Det var òg meir svensk kjernekraft i drift samanlikna med veka før. Det medverka til lågare prisar i heile Norden.
Varsel om ei ny periode med varmt og tørt vêr medverka til forventningar om høgare kraftprisar i Norden i tida framover. På fredag vart snittprisen for Norden i juli handla for 41 øre/kWh.