Publisert 04.07.2018

Kraftsituasjonen veke 26 2018

Kraftprisen dobbelt så høg samanlikna med i fjor

I føre veke auka prisane i Noreg grunna nedgang i vindkraftproduksjon og auka forbruk i Norden samanlikna med veke 25. Samstundes kom det særleg lite nedbør. NVEs modellberekningar synar at det fordampa meir vatn enn det som kom som nedbør. Mangelen på nedbør er hovudårsaka til at prisen no er om lag dobbelt høgt som på same tid i fjor.

 

Terminprisen på nordisk kraft for tredje kvartal vart handla for 43 øre/kWh. Dette er om lag det same som det tyske prisnivået. Det svarer òg til kostnaden til å produsere kraft med kôl.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 her.(PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik,
tlf: 22 95 93 31