Publisert 19.07.2017

Kraftsituasjonen veke 28 2017

Lågare kraftprisar i Nord-Noreg

Vått vêr bidrog til høgt tilsig i Nord-Noreg i veke 28. I tillegg var det redusert eksportkapasitet ut av området, noko som medverka til lågare kraftprisar i Nord-Noreg (NO4) samanlikna med resten av Noreg mot slutten av førre veke.

Norsk nettoeksport var framleis høg og den nordiske nettoeksporten auka til 423 GWh i førre veke. Dette var det høgaste nivået på den nordiske nettoeksporten til no i år.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 her. (PDF)

Kontaktperson

EnergiTrainee Øivind Høivik; tlf: 475 02 800