Publisert 23.01.2019

Kraftsituasjonen veke 3 2019

Auka produksjon og forbruk av kraft.

Førre veke gjekk temperaturane ned i heile Noreg. Det førte til auka forbruk av kraft i Noreg og våre naboland. Det medverka til at vasskraftproduksjonen i Noreg gjekk kraftig opp.

Trass i oppgangen vart Noreg framleis nettoimportør av kraft i veke 3.

Kraftprisane i Noreg auka 4-6 prosent samanlikna med veka før til over 50 øre/kWh for heile landet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 3 2019 her. (PDF)

Kontaktperson

Seniorrådgjevar MArtin Andreas Vik,
Tlf: 22 95 93 31 Epost: mavi@nve.no