Publisert 07.08.2024

Kraftsituasjonen veke 31, 2024

Framleis aukande prisforskjellar i sør og rekordlåg produksjon i nord

Dei siste fire vekene har det vore uvanleg låg kraftproduksjon i Nord-Noreg (NO4), og den fall ytterlegare førre veke. Det har ikkje vore ei veke med lågare kraftproduksjon sidan 2011. Høg vindkraftproduksjon i Nord-Sverige (SE1 og SE2) medverka stort overskott av kraft i nord. Midt- og Nord-Noreg kunne difor halde produksjonen låg og dekke en større del av forbruket med import.

Prisskilnadane mellom Sørvest-Noreg (NO2) og resten av Noreg auka ytterlegare førre veke. Vekeprisen i Sørvest-Noreg var 62 øre/kWh, opp frå 45 øre/kWh veka før. Vekeprisane i resten av Noreg enda på mellom 26-27 øre/kWh, og endra seg lite frå førre veke. Låg vindkraftproduksjon bidrog til høgare prisar på Kontinentet, noko som smitta over på prisane i Sørvest-Noreg. Flaskehalsar i nettet mellom Sørvest-Noreg og resten av landet bidrog til å dempe effekten på prisane dei andre norske prisområda.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Mathias Nipen

Epost: jmtn@nve.no