Kraftsituasjonen veke 35 2019
Norske kraftprisar var dei lågaste i Norden
Noreg hadde dei lågaste kraftprisane i Norden førre veke. Områdeprisane i Noreg låg i snitt mellom 32,2 og 37,4 øre/kWh. Dette er 30 til 40 prosent lågare enn same veke i fjor. Høgare kraftproduksjon, lågare forbruk og låge kraftprisar i Noreg førte til ein eksportauke samanlikna med veka før.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 35 2019 her. (PDF)