Publisert 18.09.2024

Kraftsituasjonen veke 37, 2024

Høg fyllingsgrad og mykje vindkraftproduksjon gav lågare kraftprisar

Etter nokre veker med auke, gjekk dei fleste kraftprisane i Norden ned førre veke. Ein grunn til dette var auka vindkraftproduksjon i Norden, Storbritannia og på kontinentet. Samstundes var det høg produksjon frå uregulerbar vasskraft i delar av Sørlege Noreg. Sjølv om det i periodar var høg produksjon frå vind- og vasskraft, gjekk den samla produksjonen i Norden ned samanlikna med veka før. Nettoeksporten frå Norden gjekk difor ned. Gjennomsnittlege kraftprisar for veka var 47 øre/kWh i Sørvest-Noreg (NO2) og 7-9 øre/kWh i resten av landet (NO1, NO3, NO4 og NO5). Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) hadde timar med negative prisar på tysdag.

Søraust-Noreg (NO1) har hatt høg magasinfylling etter ein vinter med mykje snø og vått vêr gjennom sommaren. Saman med store mengder nedbør dei siste vekene, bidrog dette til at mange av magasina no nærmar seg fulle. Området hadde, som i veka før, høg vasskraftproduksjon gjennom heile veka. Dette bidrog til dei låge kraftprisane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 37 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no