Kraftsituasjonen veke 46, 2019
Nedgang i norske kraftprisar
Kraftprisane i Noreg gjekk ned i førre veke. Nedgangen hadde blant anna si årsak i nedgang i kraftetterspurnad, auka vindkraftproduksjon i Norden og nedgang i prisane for klimagassutslepp.
Veke 46 gav ein auke i det hydrologiske underskotet. Ved utgangen av veka ligg den norske magasinfyllinga 8,1 prosentpoeng under medianen.