Publisert 12.12.2018

Kraftsituasjonen veke 49 2018

Lågare prisar.

Prisane gjekk ned i alle prisområde i førre veke. Medverkande årsakar til prisreduksjonen var lågare forbruk i Norden og høg vindkraftproduksjon mot slutten av veka.

I Danmark og Tyskland var det relativt høg vindkraftproduksjon i helga, noko som bidrog til svært låge prisar. Grunna utveksling bidrog dette også til lågare prisar i tilgrensande områdar i Norden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 her. (PDF)

Kontaktperson

Seniorrådgjevar Harald Endresen,

Tlf: 22 95 94 19