Kraftsituasjonen veke 51 og 52 2016
Våt, mild og vindfull slutt på året gav auke i magasinfyllinga.
Ekstremvêret «Urd» gav store nedbørsmengder og vind i jula. Det medverka til at tilsiget i veke 51 og 52 vart uvanlig høgt for årstida. Vindkraftproduksjonen i Sverige og Danmark var og høg med over 2 TWh i perioden, noko som bidrog til norsk nettoimport.
Julefeiringa og dei milde temperaturane gav lågt forbruk mot slutten av året. Kombinasjonen av lågt kraftforbruk, høgt tilsig og import av vindkraft førte til ein auke i magasinfyllinga. I Midt-Noreg er fyllinga tilbake på nivå med medianen.
Vêr og hydrologi
I veke 51 og 52 kom det mykje nedbør på Vestlandet og i Nordland med over 150 mm fleire stader. I sum for veke 51 er berekna nedbørenergi 7,3 TWh og 7,5 TWh i veke 52. det er 210 prosent av normalen. I veke 1 er det venta noko mindre nedbør med 50 – 130 mm mange stader på Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland. I sum for veka er det venta 5,1 TWh nedbørenergi som er 130 prosent av normalen. Sum nedbørenergi i 2016 ble 120,3 TWh eller 9,7 TWh mindre enn normalen.
I veke 51 og 52 var temperaturen 4 - 7 grader over normalen i heile landet. I veke 1 er det venta at vil ligge kring normalen i Sør-Noreg og noko under normalen i Nord-Noreg.
Berekna tilsig for veke 51 er 2,1 TWh og 2,9 TWh for veke 52. Det er 180 og 260 prosent av normalen. Sum tilsig i 2016 er 129,4 TWh, eller 0,6 TWh mindre enn normalt. Prognosert tilsig for veke 1 er 1,9 TWh, som er 200 prosent av normalen.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 51 og 52 her (PDF)
For andre detaljar om snø, vêr og vatn, sjå www.xgeo.no.