Kraftsituasjonen veke 6 2017
Auka forbruk i heile Norden.
Kaldt vêr bidrog til ein monaleg auke i kraftforbruket i heile Norden i førre veke. I Noreg gjekk kraftforbruket opp til 3,4 TWh, som er det høgaste forbruket over ei veke til no i vinter. Høgare vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark bidrog til redusert krafteksport frå Noreg. Kraftprisane steg i heile Norden, men mest i Nord-Noreg der kraftprisane auka med 36 prosent.